Sport 1
Reperasjon av ski og syklar i Førde.
Ein sportsbutikk med fagkunnskap, verkstad og hjarte for miljøet
Sport 1 Førde er ein heilt unik sportsbutikk – ikkje berre på grunn av storleiken og utvalet, men fordi butikken har ein open og synleg verkstad midt i lokalet. Her blir kundane møtt av ekte fagfolk med lidenskap for ski, sykkel og friluftsliv.
Erik er ein av desse. Han er ski- og sykkelentusiast tvers gjennom, og har jobba i Sport 1 Førde i fem år. Her stortrivst han – både med kundane, kollegaene og faget. Ekstra kjekt blei det då verkstaden blei flytta fram og gjort synleg i butikklokalet. Det gir innsyn i handverket, skapar tillit og viser kor viktig vedlikehald og reparasjon er.
Butikken ligg på ei stor og oversiktleg flate, og har sports- og fritidsmote, springing, sykkel og fotball som spesialitetar. Utvalet er stort innan alle former for sykkel og skisport, i tillegg til fottøy for trening og fritid, sportsbekledning og eit breitt sortiment av tilbehøyr.
Sport 1 Førde er òg eit Shimano Servicesenter, med utdanna fagpersonell på sykkel. Det betyr kvalitet i alle ledd – frå enkel justering til full overhaling. Verkstaden spelar ei viktig rolle i det berekraftige arbeidet til butikken. Her blir kundar oppmoda til å reparere og ta vare på utstyret sitt, framfor å kjøpe nytt. Det er både miljøvennleg, økonomisk og smart.
Butikken er ein stor klubbbutikk, og leverer utstyr til klubbar i store delar av Sogn og Fjordane. Sport 1 Førde er tett på lokalmiljøet og deltek aktivt i mykje av den lokale idrettsaktiviteten.
Sport 1 Førde er ein del av Chatlet Sport, som består av tre butikkar – i Førde, Sandane og Nordfjordeid. Alle butikkane er lokalt tilpassa fullsortimentsbutikkar med fagleg sterke tilsette innan løp, bekledning, ski og sykkel.
Hos Sport 1 Førde blir du møtt av folk som bryr seg – om faget, om kundane og om miljøet. Her handlar det ikkje berre om å selje utstyr, men om å gi det eit langt og godt liv. Neste gong noko treng justering eller reparasjon: ta det med til verkstaden – det tener både deg og naturen på.