- → SUM
- → Sorteringsguide
- → Elektronikk
Elektronikk
Greit å vite
Elektriske produkt inneheld råvarer det er krevjande å utvinne, og mange er det begrensa av. Mange råvarer vert henta ut fra gruver på andre kontinenter og det er det store utslepp forbunde med utvinning.
Greit å vite
Elektronikk blir levert gratis til alle butikkar som sel same type produkt, uavhengig av merke, eller til næraste gjenvinningsstasjon.
Elektronikk er produkt som går på straum eller batteri som er øydelagt og du skal kaste.
Mange materialar som elektroniske produkt inneheld, er det avgrensa tilgang på. Råstoffa blir henta ut frå gruver i heile verden, dei er krevande å utvinne og det er store utslepp forbundet med utvinninga.
Slik gjer du det
Lever produkta så heile som mogleg for å unngå brannfare, at nokon skadar seg eller at miljøskadelege stoffer lekk ut.
Alt elektrisk og elektronisk avfall skal vere merka med ein overkryssa avfallsbehalder. Det betyr at produktet ikkje skal kastast i restavfallet.
- Sjekk moglegheiter for å forlenge levetida til produktet (eks: garantiar, reparasjonsmoglegheiter, moglegheit for oppgradering eller reservedelar). Er produktet brukbart, og du ikkje treng det, kan du gje det bort eller selje det.
- Lever øydelagt elektronikk i butikkar som sel same type produkt du skal levere inn eller til næraste gjenvinningsstasjon.
Ja takk
- Kjøleskap
- Kaffetrakter
- Leikar med lyd eller lys
- Leidninger
Dette lurer mange på
Kan eg levere produktet mitt i ein butikk som ikkje sel produkt frå same merke?
Ja. Skal du for eksempel levere inn ein øydelagt mobiltelefon, kan du levere den til alle butikkar som sel mobiltelefonar, uavhengig av merke og leverandør. Det same gjeld for alle typar produkt.
Kvar kan eg få reparert elektriske produkt?
Ta kontakt med produsenten av produktet eller butikkjeda produktet er kjøpt i. Sjekk kva for nokre reparasjonsmoglegheiter som finst, om det er mogleg å skaffe reservedelar og om du har garanti som dekker reparasjonar. Det finst også andre moglegheiter for å få reparert elektronikk, som “fiksefestar”.
Kva gjer eg om eg skal ha nytt produkt, men det gamle fortsatt verkar?
Gje bort eller sel på nett. Sjølv om du ikkje har bruk for detteproduktet lenger kan det være fleire som er interessert i å bruke produktet vidare. Din gamle TV kan bli nokon andre sin nye TV.
Kva gjer eg med produkt med små elektriske deler?
Elektronikk kan innehalde gassar, oljer eller andre miljøgifter,uansett kor stor den elektriske delen er. Og ikkje minst, verdifulle ressursar. Lever produkta på same måte som annan elektronikk, uansett kor stort eller lite det er.
Data er hentet frå
Sortere.no
Sorteringsguide
Korleis kastar eg riktig?
Har du noko du skal kaste, men veit ikkje kor det skal? Søk her!