Brukbare klede og tekstilar
Tekstilar og klede som er reine, tørre og utan lukt, og heile og brukbare sko (treng ikkje være vaska).
Slik gjer du det
- Ha ein fast plass der du samlar tekstilar, klede og sko du ønsker å levera.
- Levér klede som er reine, tørre og utan lukt, og brukbare sko, i pose eller sekk til ein tøyinnsamlingsboks eller gjenvinningsstasjon.
Ja takk
- Bukse
- Sengety
- Handklede
- Skjerf
- Hattar og lurar
- Genser
Nei takk
- Skitne og våte tekstilar
- Øydelagte og utsletne sko
Dette lurer mange på
Kva gjer eg med tekstilar og klede som ikkje kan reingjeras?
Riv eller klipp opp stoff i mindre bitar og bruk det som filler til reingjering ute og inne. Små mengder tekstilar og klede som du ikkje kan reingjera, kastar du i restavfallet. Større mengder leverer du til ein gjenvinningsstasjon.
Kva gjer eg med tekstilar, klede og sko med malingsflekker?
Slik fjernar du malingsflekker: Prøv å skrapa bort mest mogleg med ein bordkniv. Du kan òg behandla flekken med ein klut med litt salmiakk eller penselrens. Test på ein liten synleg stad av plagget først for å sjå om det toler det. Gni deretter inn flekken og la det verka i nokre minutt. Gjenta fleire gangar over tid, til flekken er borte og vask plagget som vanleg. Kilde: omo.no / ifi.no
Om du ikkje ønsker å fjerna flekkene, kan du levére desse til tøyinnsamling så lenge kleda er reine og tørre.
Kva gjer eg med syntetiske klede?
Du kan òg levera syntetiske klede til gjenbruk, det sparer miljøet då det blir mindre behov for produksjon av nye tekstilar. Kleda går enten til ombruk, reparasjon, redesign eller får nytt liv som noko heilt anna. Mengda tekstilar som blir leverte inn har vore sterkt aukande dei siste åra, spesielt klede av lågare kvalitet. Vi leverer inn så mykje klede no at det ikkje er nok moglegheiter for gjenbruk og materialgjenvinning av alt.
Syntetiske klede er klede produserte med stoff som nylon, akryl eller polyester, og inneheld dermed plast. Klede som inneheld plast avgir mikroplast ved vasking. Vask dei så lite som mogleg og skaff ein vaskepose eller filter på vaskemaskina som fangar opp mikroplast (nyare maskiner kjem ofte med filter).
Data er hentet frå
Sortere.no
Sorteringsguide
Korleis kastar eg riktig?
Har du noko du skal kaste, men veit ikkje kor det skal? Søk her!