Tømming av slam
Med heimel i anskaffelsesforskrifta § 2-3 har Askvoll, Fjaler, Gaular, Hyllestad, Jølster, Naustdal og Førde kommune tildelt einerett til Sunnfjord Miljøverk IKS for utføring av kommunen sine lovpålagte oppgåver med grunnlag i ureiningslova § 26 første og tredje ledd med underliggande forskrifter. Vedtak om einerettstildeling blei fatta av kommunestyra i dei respektive kommunane som vist i tabellen under.
| Kommune | Saksnummer | Dato |
|---|---|---|
| Askvoll | 043/19 | 18.09.2019 |
| Fjaler | 105/19 | 30.09.2019 |
| Gaular | 062/19 | 26.09.2019 |
| Hyllestad | 19/107 | 31.10.2019 |
| Jølster | 065/19 | 26.09.2019 |
| Førde | 054/19 | 26.09.2019 |
Vedtaka har følgjande ordlyd:
- Med heimel i anskaffelsesforskrifta § 2-3 tildeler […] kommune med dette einerett til Sunnfjord Miljøverk IKS (SUM) for utføring av kommunen sine lovpålagte oppgåver med grunnlag i ureiningslova § 26 første og tredje ledd med underliggande forskrifter.
- Den tildelte eineretten kan delegerast vidare av SUM til selskap som oppfyller vilkåra for å vere offentlegrettslege organ, jf. anskaffelsesforskrifta § 1-2 (2).