Hopp til hovudinnhald

Vil du jobbe med oss?

Vi tør påstå at vi har eit av dei mest givande samfunnsoppdraga i landet.

Vi skal samle inn avfall og sørge for at det blir handsama på ein trygg, effektiv og miljøvenleg måte. Målet er å redusere mengda restavfall, og sikre at mest mogleg går til gjenbruk eller materialgjenvinning. 

På gjenvinningsstasjonane våre jobbar det mange kjekke folk som kan fortelje deg korleis du skal sortere riktig. Der har vi ei «byttebu», der du kan du sette ifrå deg ting du ikkje lengre har bruk for, og så kan nokon andre ta det med seg heim. Heilt gratis. Fint, sant?

Hos oss skjer det utruleg mykje, og vi får stadig nye krav til strengare sortering for å nå FN sine klimamål. Det betyr at vi heile tida må utvikle oss og sjå framover mot nye løysingar, noko som gjer jobben ekstra spennande.

Vi har det fint på jobb

Sunnfjord Miljøverk har ei transport og logistikk-avdeling, der sjåførane våre er tilsett. Dei køyrer rundt i krikar og krokar for å hente søppel, og køyrer det vidare til Einestølen, der hovudanlegget vårt er. Det ryktast at dette er ein jobb dei trivast med, noko vi sjølvsagt er glade for å høyre.

Administrasjonen vår har kontor i Førde sentrum, men dei tek hyppige turar innom gjenvinningsstasjonane for å sitte tett på «der det skjer».

Og ja, vi har vaflar på fredagar (og dei er gode!)

Ledig stilling akkurat no:

Sjå fleire saker