Hopp til hovudinnhald

Tømming av slam

Med heimel i anskaffelsesforskrifta § 2-3 har Askvoll, Fjaler, Gaular, Hyllestad, Jølster, Naustdal og Førde kommune tildelt einerett til Sunnfjord Miljøverk IKS for utføring av kommunen sine lovpålagte oppgåver med grunnlag i ureiningslova § 26 første og tredje ledd med underliggande forskrifter. Vedtak om einerettstildeling blei fatta av kommunestyra i dei respektive kommunane som vist i tabellen under.

Kunngjering - Tømming av slam
Kommune Saksnummer Dato
Askvoll 043/19 18.09.2019
Fjaler 105/19 30.09.2019
Gaular 062/19 26.09.2019
Hyllestad 19/107 31.10.2019
Jølster 065/19 26.09.2019
Førde 054/19 26.09.2019

Vedtaka har følgjande ordlyd:

  1. Med heimel i anskaffelsesforskrifta § 2-3 tildeler […] kommune med dette einerett til Sunnfjord Miljøverk IKS (SUM) for utføring av kommunen sine lovpålagte oppgåver med grunnlag i ureiningslova § 26 første og tredje ledd med underliggande forskrifter.
  2. Den tildelte eineretten kan delegerast vidare av SUM til selskap som oppfyller vilkåra for å vere offentlegrettslege organ, jf. anskaffelsesforskrifta § 1-2 (2).