Hopp til hovudinnhald

Liv Solveig Langeland

Bunadsmakar i Guddalen

Bunadsmakar med hjartet for handverket

Liv Solveig Langeland er ein bunadsmakar med lange tradisjonar og ekte handverk i botnen. Ho starta med bunadsarbeid midt på 1990-talet, og vart lært opp av Lundekvam. Her fekk ho ei grundig innføring i faget og dei klassiske teknikkane, kunnskap ho har bore med seg vidare i alle år.

Etter kvart jobba Liv ei tid hos Audhild Viken, der ho fekk verdifull erfaring og innsikt i bunadsarbeid i større skala. Det var lærerike år som gav henne tryggleik i faget. Seinare starta ho med å ta på seg arbeid heimanfrå, og derifrå balla det rett og slett på seg.

Når ein spør kor lenge ho har vore i drift, må Liv sjølv bla litt i ordreboka for å få oversikt. Ho har halde på aleine i huset sitt i Guddalen i Fjaler sidan i alle fall 2006, og her har det vorte sydd, brodert og ferdigstilt mange bunadar gjennom åra.

Liv broderer bunadane sjølv, med stor nøyaktigheit og respekt for tradisjonen. Dattera hennar strikkar bunadssokkane, slik at handverket òg går i arv i familien. Alt stoffet som blir brukt er norskprodusert og kjem frå Gudbrandsdalen. Dette, kombinert med lokalt handarbeid og lang levetid på bunadane, gjer arbeidet hennar både berekraftig og miljøvennleg.

Også denne vinteren har Liv vore aktiv med å dele kunnskapen sin. Ho har mellom anna vert med og halde kurs i regi av Sunnfjord Ungdomslag, der ho har rettleia og inspirert nye bunadsentusiastar.

Kontaktinformasjon

Telefon: 915 68 403

E- post: langelandlivsolveig@gmail.com

Adresse: Guddalsvegen 1700