Hopp til hovudinnhald

Inkludert i gebyret

Vi i SUM ynskjer å gjere det enkelt for deg å sjå kva som er inkludert i renovasjonsordninga. Her vil du sjå kva du kan levere utan ekstra kostnad på gjenvinningsstasjonane våre, samt og kva som har ein kostnad. Nedanfor får du ei oversikt over gebyrfrie avfallstypar, prisar for levering, samt kva som skil hushaldsavfall frå næringsavfall. Slik kan du sortere rett, unngå unødige kostnader og bidra til meir gjenvinning.

♻️ Hushaldningsavfall- Inkludert: 

  • Inntil 12 hentingar/år av papp/papir i den blå dunken, heime hos deg
  • Inntil 12 hentingar/år av sekk med hushaldsplast, heime hos deg
  • Inntil 26 hentingar/år av matavfall i den grøne dunken, heime hos deg
  • Inntil 4 hentingar/år med glas- og metallemballasje i den turkise dunken, heime hos deg
  • Jamleg henting av småbatteri i eigen batteripose som er festa på ein av dunkane

♻️ Hushaldningsavfall- Betalingspliktig:

I 2025 gjekk vi over til ein meir rettferdig gebyrmodell.
Grunngebyret gjekk ned, og ein betalar no for kvar gang ein tømmer restavfallsdunken. 

120,- kvar gang ein tømmar ein ordinær dunk på 140 liter.
210,- kvar gang ein tømmar ein større dunk på 240 liter. 

Definisjon av hushaldsavfall (SSB)

Hushaldsavfall er avfall frå private hushald, inkludert større gjenstandar som møblar.

Dette omfattar:

  • Alt avfall frå vanleg hushaldsverksemd (mat, emballasje, papir, møblar m.m.)
  • Avfall frå private bustader, fritidsbustader, studentbustader og omsorgsbustader
  • Både henteordning og levering til gjenvinningsstasjon

♻️ Gjennvinningsstasjonen- Inkludert som hushaldsavfall:

Fraksjonane under kan leverast til alle våre stasjonar utan ekstra kostnad, då dei er gebyrfinansierte gjennom renovasjonsgebyret for hushaldnings- og fritidsabonnentar. 
Køyretøyet må då berre innehalde gebyrfinansiert avfall for å unngå at ein må betale for levering av avfallet.

Gebyrfrie avfallstypar
Avfallstype Eksempel:
Metall Sykklar, kasserollar, spikar
Hageavfall Blomar, kvistar, gras, buskar, tuja
EE-avfall Mobiltelefonar, batteri, kvitevarer, lampar
Farleg avfall Sprayboksar, malingsspann, drivstoff, kjemikaliar
Plastemballasje (mjuk plast) Rein plastemballasje, vaska blomepotter
Glas- og metallemballasje Syltetøyglas, hermetikkboksar, glasflasker
Papp og papir Aviser, pocketbøker, papp og papir

♻️ Gjennvinningsstasjonen-Betalingspliktig som hushaldsavfall:

👉 Levera du noko betalingspliktig, må du betale full pris for køyretøyet.

Prisliste på gjenvinningsstasjonane for hushaldning
Type køyretøy Pris (ink. mva)
Bil, mindre køyretøy eller gåande kr 150
Bil med hengar kr 350
Varebil ¹ kr 350
Varebil med hengar kr 400
Traktor kr 800

Du kan betale med vipps, kort eller kontant.

¹ Varebil: Vi tar utgangspunkt i kva bilen er registrert som hos Statens Vegvesen. 
Du kan sjekke køyretøyopplysningane i vognkortet eller på Statens Vegvesen si eiga heimeside. Sjå køretøyopplysningar her.

Merk at om ei næring er involvert i avfallet, for eksempel innleigd for transportering av avfallet, vil avfallet sjåast som næringsavfall. 
Pris er då avhengig av vekt, og farleg avfall må deklarerast.

 

♻️ Næringsavfall

Dette er rekna som næringsavfall

Alt avfall frå næringsverksemd er betalingspliktig, med unntak av:

  • Metall
  • Bilbatteri

Du må betale som næringskunde når:

  • Du køyrer avfall for andre mot betaling
  • Du utfører arbeid for private (bygging, oppussing, riving, gartnararbeid)
  • Avfallet kjem frå gardsdrift, lager, naust, brygge m.m.
  • Du arbeider på bustad du leiger ut
  • Du arrangerer konsertar, festivalar eller idrettsarrangement
  • Avfallet kjem frå foreiningar, organisasjonar eller offentlege verksemder
  • Du leverer avfall som kjem frå hushald eller hytte utanfor SUM sitt område
Prisliste på gjenvinningsstasjonane for næring (pris eks. mva.)
Varenummer Varenamn Pris pr. tonn Minstepris
1100 Betalingsvare for sortering kr 1 800 kr 400
1101 Basiskarakterisert avfall til deponi kr 1 800 kr 400
1106 Svartelista artar til deponi kr 2300 kr 400
1110 Hardplast kr 3 500 kr 400
1112 Tauverk kr 10 000 kr 400
1120 Gips kr 1 600 kr 400
1149 Forureina massar kr 1 300 kr 400
1160 Feilsortering kr 5 000 kr 400
1205 Ubehandla treverk kr 1 000 kr 400
1206 Hageavfall frå næring kr 1 400 kr 400
1210 Behandla treverk kr 1 000 kr 400
1215 Reine massar kr 800 kr 400
1250 Asbesthaldig material frå næring kr 1 800 kr 400
1300 Usortert næringsavfall kr 3 000 kr 400
1302 Båtar frå næring kr 3 000 kr 400
1306 Usortert avfall frå hushald kr 3 000 kr 400
2150 Marmorimiterte baderomsplater kr 2 100 kr 400
2200 Energigjenvinningsvarar kr 2 500 kr 400
2201 Svartelista artar til energigjenvinning kr 2 500 kr 400
4130 Blåsesand EAL 120116 kr 1 800 kr 400
4131 Blåsesand EAL 120117 (farleg avfall) kr 2 300 kr 400
4320 Sand-slam m/olje (td. oljeutsk) EAL 130503 kr 25 000 kr 25 000
4350 Kloakkslam utanom SUM-systemet kr 10 000 kr 5 000
5000 Metallskrap frå næring kr 0 kr 0
5001 Papp frå næring kr 1 000 kr 400
5003 Gebyr for utfylling av deklarasjonsskjema kr 400 kr 400
5004 Brannsløkkar(pr. stk) kr 600 kr 0
9517 EE-avfall frå næring kr 1 300 kr 400
9602 Innveging glass frå næring kr 700 kr 400
9918 Ristgods til deponi kr 1 800 kr 400
14100 PCB vindu frå næring kr 1 850 kr 0
14202 Klorparafinvindu frå næring kr 11 000 kr 400
14501 CCA-impregnert treverk frå næring kr 2 100 kr 400

Finn du ikkje avfallstypen du leitar etter? Ta kontakt, så kan vi hjelpe deg.

Du kan betale med Vipps, kort eller kontant.

Merk: Varebil blir vurdert etter registrering hos Statens vegvesen.

Næringsprisar – Ytre gjenvinningsstasjonar

Kr 460,- kvar m³ (pris eks. mva). 
Du kan betale direkte på stasjonen eller få tilsendt faktura. 

Har du spørsmål, eller er du usikker på korleis avfallet skal sorterast, er du velkomen til å ta kontakt. Vi rettleier deg slik at avfallet blir levert korrekt og handtert på ein trygg og miljøveneleg måte.

♻️Saman bidreg vi til eit reinare nærmiljø og meir gjenvinning.

Grunnpris

Som ein tinglyst eigar av ein eigedom i SUM sitt område, er ein pålagd renovasjon og derved renovasjonsgebyr. 
Under har du ei oversikt over dei forskjellige abonnenta ein eigedom kan ha.

Årspris - Hushaldning Ordinær
Varenamn Pris (inkl. mva) Eining
Grunnpris kr 4 200 stk
140 liter restavfallsdunk kr 120 pr. tømming
240 liter restavfallsdunk kr 210 pr. tømming

Prislista over gjeld for abonnentar som disponerar eigne dunkar, aleine eller i eit samarbeid med naboar. 

Årspris - Fastpris ved felles dunkar
Varenamn Pris (inkl. mva) Eining
Fastpris - pr. bueining kr 5 880 Stk.

Prislista over gjeld for dei abonnentar i sameige/burettslag som ikkje brukar chip-brikke til å åpne avfallsluke.

Årspris - Nedgravd løysing
Varenamn Pris(inkl. mva) Eining
Grunnpris kr 5 880 Stk.
Service og vedlikehald fellesanlegg kr 200 Stk.

Prislista over gjeld for dei abonnentar i sameige/burettslag som brukar chip-brikke til å åpne luke.

Fritidseigedomar

Alle fritidseigedomar har tilgang på hytterenovasjon igjennom felles hytteconteinarar, eller eigne renovasjonsdunkar dersom ein har ein avtale for dette. 
Denne tilgangen, samt redusert gebyr ved levering av avfall til våre stasjonar, får ein som abonnent for renovasjon for fritidseigedomar. 

Prisar for hytterenovasjon
Type abonnement Årspris(inkl. mva)
Hytte utan dunk 2 695,-
Hytte med dunk for restavfall 4 043,-
Hytte med ordinær renovasjonsordning 4 851,-
Hytte under 30 m² 1 348,-
Hytte utan vatn og straum 1 348,-

Gebyr for hytte under 30m² og hytte utan vatn og straum kan innvilgast etter søknad.
Trykk her for å søke om redusert gebyr.