Hopp til hovudinnhald

Fritak frå renovasjonsgebyr

Her kan du finne ut om du kan søke om fritak frå renovasjonsgebyret.

Alle bustadar og fritidsbustadar i SUM sitt område er omfatta av lovpålagt renovasjon. Dette betyr at dersom du eig ein eigedom der det er registrert eit gebyrpliktig bygg, er du pålagt å betale eit renovasjonsgebyr per eining etter SUM si prisliste. Dette kan for eksempel vere eit bustadhus eller ei hytte. SUM nyttar offentelg eigedomsregister, matrikkelen, til å fastsette kva som er ei gebyrpliktig eining. Det er difor matrikkelen som avgjer kva type- og tal gebyr ein eigedom er pålagt på ha. 

Fritak frå renovasjonsgebyr 

Eigar kan søkje om fritak frå renovasjonsgebyr dersom eigedomen oppfyller gjeldande vilkår. Søknad skal vere skriftleg og dokumentert. 

Ved utløp av fritaksperioden er eigar sjølv ansvarleg for å sende ny søknad dersom vilkåra framleis er oppfylte. Dersom bustaden vert teken i bruk i fritaksperioden, pliktar abonnenten å gi skriftleg melding. Grunnlaget for fritak fell då bort, og gebyr vert rekna for heile perioden. 

SUM tek atterhald om å gjennomføre synfaring der fritak er innvilga. 

Bustad 

Fritak kan givast dersom bustaden er ubueleg. Fritaket er knytt til eigedomen, og kan ikkje givast av sosiale grunnar knytte til eigar eller brukar. 

Fritak kan vurderast i følgjande tilfelle: 

  1. Bustad med utleigedel som vert teken i bruk til eige bruk. Dette krev godkjend bruksendring frå kommunen, og kan gi varig fritak frå renovasjonsordninga.
  2. Bustad som ikkje har vore i bruk i minst seks månader, føreset at bustaden er ubueleg.
  3. Bustad som er brent ned eller riven, og det er planar om å etablere ny bustad. 

Fritidsbustad 

Ein bygning med rom for kvile og matstell vert rekna som ei bueining. Fritak kan givast dersom fritidsbustaden er ubueleg. Fritak kan ikkje givast av sosiale grunnar knytte til eigar eller brukar. 

Fritak kan vurderast i følgjande tilfelle: 

  1. Fritidsbustad som kan dokumenterast som ubueleg, til dømes ved nedfall.
  2. Fritidsbustaden er brent ned.  

Enkelte argument gir ikkje grunnlag for fritak. 
SUM gjer konkret vurdering av om vilkåre er oppfylt. Meir informasjon finn du i forskrifta. 

Forskrift

Søknadsskjema

Fyll ut skjema med informasjon som gjeld bustaden du søker fritak for. 
Søker du fritak på vegne av andre? Presiser dette i kommentarfelt i skjema.

Type bustad 
Type fritak 
Bakgrunn for fritakssøknad - bustad 
Bakgrunn for fritakssøknad - bueining 
Bakgrunn for fritakssøknad -fritidseigedom 
Bakgrunn for varig fritakssøknad - bustad 
Bakgrunn for varig fritakssøknad - fritidseigedom
Bakgrunn for varig fritakssøknad - fritidseigedom

Last opp dokumentasjon her. Dokumentasjon kan også sendast til post@sum.sf.no. Merk e-posten med gards- og bruksnummer, samt "fritakssøknad".

Når ynskjer dykk at fritaket skal tre i kraft? Merk at fritak alltid gjeld frå første dag i ein månad, og ikkje har tilbakeverkande kraft.
Alle søknadar utan dokumentasjon vil bli avslått, eller sendt førespurnad om dokumentasjon.  
Stadfesting 

SUM handsamar alle søknader i tråd med gjeldande reglar og forskrifter. Eigar vil bli kontakta dersom det er behov for meir informasjon eller dokumentasjon.

Ofte stilte spørsmål

Når får eg svar på søknaden min?

Søknadene vert vanlegvis behandla innan ein månad. I nokre periodar har vi mykje å gjere, og då kan det ta lengre tid.

Sjekk at du har fått ei bekrefting på e-post når du har sendt søknaden. Ta kontakt med oss om du er usikker på om søknaden din er sendt.

Kva skjer når fritaket går ut?

Ved utløp av fritak må du vurdere om du har behov for å søke forlenging av fritak, eller om du er klar for at renovasjonsordninga startar opp at hos deg. SUM sender varsel månaden før fritaket går ut. Skulle eigar av bustad likevel ikkje motta dette varselet, er eigar sjølv ansvarleg for å søke på nytt innan utløpsdato. 

Dersom du ynskjer å søke forlenging av fritak legg du inn søknad på dette i fritaksskjema. 

Ynskjer du å ta del i renovasjonsordninga igjen ber du om å få utlevert dunkar til di andresse. Dette er du sjølv ansvarleg for å gjere. Renovasjonsgebyret vil automatisk starte opp at uanhengig av om renovasjonsdunkar er levert ut. 

Varig fritak

Varig fritak krev i hovudsak at ein kontaktar kommunen for å gjere ei matrikkelendring. 
Eit eksempel av endring kan være at ein endrar bueininga slik at den er registrert som ei "unummerert bueining". 

SUM føljer også namngjevinga til matrikkelen ved fakturering av gebyr. 
Får ein eit våningshus registrert som "Våningshus benyttet som fritidsbolig" i matrikkelen vil SUM følje retningslinjer og gebyr tileigna fritidsbustadar. 

Retting av bygning i matrikkelen

Kvar kommune har eigne kontaktforum for endring i matrikkelen. Les meir om korleis dette gjerast under. 

Sunnfjord kommune kan kontaktast igjennom lenka.

Askvoll kommune

Askvoll kommune viser til informasjonen ved Sunnfjord kommune si lenke over. Kontakt Askvoll kommune ved å nytte lenka under.

Matrikkelførar i Askvoll kommune kan kontaktast ved lenkene under.