Hyllestad BUA
Her kan ein låne gratis friluftsutstyr. Eit tilbod for alle.
Velkomen til BUA Hyllestad i 1.etasje på Kommunehuset. Ta kontakt med Hyllestad folkebibliotek eller Frivilligsentralen for å låne.
BUA er eit tilbod der alle kan låne sport- og friluftsutstyr heilt gratis! Tilbodet gjer det mogleg for fleire å vere aktive, utan kostnader knytte til innkjøp av utstyr. Ved å dele på utstyr kan fleire delta, samstundes som ein bidreg til mindre forbruk, mindre avfall og betre utnytting av ressursane vi allereie har. Utstyrsordninga er slik eit konkret og lokalt bidrag til å ta vare på naturen, redusere konsum og styrkje folkehelsa.
Det er gratis å låne, og utstyret kan nyttast både til kvardagsaktivitetar, friluftsliv og ferie.
Registrering og lån
For å låne utstyr må ein registrere seg i BUA sitt utlånssystem med:
- namn
- telefonnummer
- e-postadresse
Det er ein fordel å registrere seg før oppmøte.
Personar under 18 år må vere registrerte som medlånetakar via ein vaksen.
Låneprofil kan opprettast på BUA si nettside.
For å låne utstyr må du registrere deg med låneprofil. Den kan du lage her eller trykk på «Logg inn»-knappen oppe til høgre på nettsida. Dei som er under 18 år må registrere seg som medlånetakar via ein vaksen person.
Det ryktast at gratisbutikken ved siden av BUA også snart vil få nytt liv. Her er det mykje fint til dei små.
Kontaktinformasjon
E-post: julie.einen@hyllestad.kommune.no
Nettsida: Utstyr | BUA
Telefon: 907 30 176
Adresse: Lifjordvegen 7
E-post: julie.einen@hyllestad.kommune.no
Nettsida: Utstyr | BUA
Telefon: 907 30 176
Adresse: Lifjordvegen 7