Hopp til hovudinnhald

Slamtømming

Alle slamtankar må tømast med jamne mellomrom for å hindre at kloakk lek ut i naturen. Tømmetenesta vert utført av Norva24 på vegne av SUM. 

Septiktømming i grønne omgivelser
Bilde: Norva24

Prisliste slamtømming 2026

Prisliste slamtømming
Type tank Årspris(inkl. mva) Tømmefrekvens
Slamtank inntil 4,5m³ 3 750,- Årleg
Slamtank inntil 4,5m³ 2 225,- Kvart 2. år
Slamtank inntil 4,5m³ 1 150,- Kvart 4. år
Slamtank over 4,5m³ 1 010,- Årleg
Slamtank over 4,5m³ 560,- Kvart 2. år
Slamtank over 4,5m³ 300,- Kvart 4. år

Ekstratømming av tank:

For slamtankar inntil 4,5m³ kostar 11 250,-
For slamtankar over 4,5m³ kostar det 6250,- for oppmøte, og deretter 1 125,- kvar m³

Tømmefrekvens

Utslepp av kloakk i naturen kan utgjere store miljøskadar. Det er difor viktig at slamtankar vert tømt med jamne mellomrom. Kor ofte ein tank må tømmast er det kommunen som avgjer, då det er dei som har forureiningsmynde. Tømmefrekvens vert påverka av blandt anna bruk, volum og kva type tank det er. Dersom du har spørsmål knytt til tømmefrekvens må desse rettast direkte til den kommunen eigedommen din tilhøyrer.

Varsling

Norva24 sender ut varsel i god til før neste tømming, enten som SMS, e-post eller brev til tinglyst eigar av eigedom. Som eigar er du ansvarleg for at tank er lett tilgjengeleg for tømmebilen på tømmedag. Det betyr at vegen fram til tank er fri for hindringar, og at lokket er lett tilgjengeleg. Dersom Norva24 ikkje får tømt tank på grunn av manglande tilkomst eller eventuelle feil på anlegg, vil tømminga bli rekna som utført. Ny tilkøyring går som ekstratømming og er dyrt. Har du spørsmål knytt til forberedelsar, eller utfordringar knytt til tømmetidspunkt, ber vi deg ta kontakt med Norva24 god tid i forvegen for å sjå på eventuelle løysningar.

Ekstratømming 

I enkelte tilfeller kan det vere behov for ei ekstratømming. Dette kan skyldast at tanken er full ved ekstra belastning, at inn- eller utløp har gått tett eller liknand. Ekstratømming er dyrt, og vert ikkje dekka av ordinært slamgebyr. Før du bestiller ekstratømming kan det difor vere lurt å sjekke om din tank skal tømmast i nærmaste framtid på ordinært tømmerute. Ved behov for ekstratømming kan du ta direkte kontakt med Norva24, sjå kontaktinformasjon nederst. Ekstratømming vert etterfakturert frå SUM.

Ofte stilte spørsmål

Når vert tanken min tømt neste gong?

Godt spørsmål! Dette er ikkje enkelt å hugse frå gang til gang. Norva24 har difor laga ei enkel og god oversikt på nettsida mintank.no. Det einaste du treng å fylle inn er gårds- og bruksnummer. Her får du full oversikt over når tanken sist vart tømt, kor ofte den skal tømmast og når neste tømming er planlagt. Nyttig, ikkje sant?

Gå til mintank.no for å sjekke tømmetidspunkt

Får eg varsel før neste tømming?

Tinglyst eigar vil få varsel direkte frå Norva24. Varselet vil oppgi vekenummeret for tømminga, ikkje eksakt dato. Dette er det vanskeleg å fastslå på førehand, då tid brukt på kvart anlegg er varierande. 

Kva må eg gjere før tømming?
  • Bommar må vere låst opp eller kunne låsast opp
  • Rydd vegen fram til tank for buskas og andre hinder
  • Grav fram lokk - også godt rundt lokket slik at det er enkelt å løfte av
  • Merk gjerne tanken med ei tydelig stikke - hugs at dei som kjem for å tømme tanken ikkje veit nøyaktig kvar tanken er plassert

Dersom Norva24 ikkje kjem til tanken grunna manglande tilkomst eller klargjering vert tømminga rekna som utført. Ny tilkøyring vert dermed rekna som ekstratømming og kostar mykje. 

Kan eg søke fritak for slamtømming?

For å søke fritak for slamtøming må du kontakte din kommune. Det er dei som har forureiningsmynde, og som kan ta stilling til denne typen spørsmål.

Ønsker du meir informasjon og prisar? 
Sjekk desse nyttige lenkene.

Gå til forskrift for slamtømming
Gå til gebyrforskrift for slamtømming

Kontaktinformasjon

Ta kontakt med oss dersom du ikkje finn svar på det du lurer på.

Norva24 Birkeland

Fjaler, Hyllestad og Sunnfjord

Norva24 Miljøservice

Askvoll

Unngå tette rør!

Tette rør kan føre til store uforutsette utgifter. Kjedelig og dyrt å bruke pengar på. Behand difor rør og slamtank riktig.

Visste du for eksempel at følgande ikkje skal i toalettet?

Våtserviettar, bomullspads og Q-tips
Bleier, bind, tampongar ol.
Klutar
WC-blokker
Olje og feitt
Melk frå melkerom/fjøs

Toalettpapir