Alt om dunkar
Dunken din er knytt til gards- og bruksnummer. Dersom du skal flytte må du la den stå igjen.
SUM dunkar
Alle husstandar må ta del i den kommunale innsamlingsordninga og sortere avfallet i dunkane som SUM har delt ut. Kvar bueining får i utgangspunktet utlevert eit sett med tre dunkar på 140 liter, ein for kvar avfallstype. Du kan velge andre størrelsar dersom du har behov for det.
Matavfall
Matavfall sortarar du i papirposar frå SUM og kastar i dunken med grønt lokk. Vi samlar inn matavfall kvar 2. veke.
SUM tilbyr matavfallsdunk i desse størrelsane:
- 140 liter
- 240 liter
Matavfall sortarar du i papirposar frå SUM og kastar i dunken med grønt lokk. Vi samlar inn matavfall kvar 2. veke.
SUM tilbyr matavfallsdunk i desse størrelsane:
- 140 liter
- 240 liter
Papp og papir
Papp, papir og kartong samlar du i papirdunken med blått lokk. Papp- og papir vert samla inn saman med plastemballasje ca. kvar 4. veke.
SUM tilbyr papp- og papirdunk i desse størrelsane:
- 140 liter
- 240 liter
- 660 liter

Plastavfall
Rein og tørr plastemballasje samlar du i eigen SUM-sekk for plast. Sekken henger du på den grøne plastkroken som du finn på papp- og papirdunken. Plast vert samla inn saman med papp- og papirdunken ca. kvar 4. veke.
- 1 rull med 12 sekkar held omlag eit år.
Du finn desse på utvalde butikkar og kommunehus.

Restavfall
Restavfall er det du sit igjen med når alt anna er utsortert. Vi samlar inn restavfall kvar 2. veke. Antall tømmingar av restavfalldunken påverkar gebyret ditt. Ver difor flink å sortere, og vent med å sette fram dunken din til den er full.
SUM tilbyr restavfalllsdunk i desse størrelsane:

Dunkane er merka
Vi har merka kvar enkelt dunk med ein etikett og ei RFID-brikke. Etiketten, som er sett på sida av dunken, viser kva eigedom dunken høyrer til. RFID-brikka blir lesa kvar gong dunken vert tømt. På den måten får vi registrert når dunken blir tømd.
Det kan vere lurt å merke dunken din med eit eige kjenneteikn. Dette kan for eksempel vere eit band, klistermerke, husnummer eller liknande. På denne måten kan du unngå at andre tar med seg feil dunk heim frå felles oppstillingsplass.
Dele dunk med nabo eller utleigedel
Er du og naboen eininge om at dykk vil dele eit dunksett? Då kan dykk avtale det med oss. Kvar bueining får ein fast grunnpris på fakturaen. Prisen for tømming av restavfallsdunken blir delt mellom dykk.
Bestille nytt abonnement
Skal du flytte inn i eit heilt nytt hus må du bestille abonnement hos SUM. Alle hushaldningar er pliktig til å ta del i kommunal innsamslingsordning og sortere avfallet. Ta kontakt med oss i god tid før innflytting, så ordnar vi utlevering av dunkar.
Bestillingsskjema
Kontakt oss for å gjere endringar på ditt abonnement.
Frå 2025 vil vi sende ut faktura kvart kvartal, totalt 4 gongar i året.
Prisliste for hushaldning
| Varenamn | Pris (inkl. mva) | Eining |
|---|---|---|
| Grunnpris | kr 4 200 | stk |
| 140 liter restavfallsdunk | kr 120 | pr. tømming |
| 240 liter restavfallsdunk | kr 210 | pr. tømming |
Prislista over gjeld for abonnentar som disponerar eigne dunkar, aleine eller i eit samarbeid med naboar.