Hopp til hovudinnhald

Har du fått faktura frå SUM?

Har du spørsmål om fakturaen kan du få svar med ein gong. 

💡Den digitale kunderådgjevaren vår er trent på spørsmål om faktura, forfall, KID-nummer, gebyr og betaling.

Du finn den digitale kunderådgjevaren vår nederst i høgre hjørnet "SUM Skriv til meg" bobla. 

Dei fleste svar finn du i FAQ eller ved å spørje den digitale kunderådgjevaren vår. Treng du betalingsutsetjing eller meiner fakturaen er feil, bruk skjemaet under.

Dei fleste spørsmål kan du få svar på med ein gong

  • Eg har spørsmål om fakturaen → FAQ
  • Eg ynskjer betalingsutsetjing → Hopp til skjema nede på denne sida
  • Eg meiner fakturaen er feil →  Hopp til skjema nede på denne sida

Når du sender inn skjemaet får du ei kvittering på e-post. Du treng ikkje kontakte kundesenteret i tillegg.

Dette lurer kundane oftast på

  1. Eg finn ikkje KID-nummeret: KID-nummer og kontonummer finn du på fakturaen.
  2. Eg får feilmelding ved KID: Ofte er dette bindesstreken i slutten av KID- nummeret, denne skal vere med.
  3. Eg ynskjer utsett forfall eller betalingsordning: Du kan søkje om dette direkte i skjemaet under. Du treng ikkje kontakte kundesenteret.
  4. Eg meiner fakturaen er feil: Vel «Eg meiner fakturaen eller gebyrgrunnlaget er feil» i skjemaet. Då får vi dei opplysningane vi treng for å undersøkje saka.
  5. Kor finn eg gards- og bruksnummer?: Gards- og bruksnummer står på fakturaen. Døme: 16/3.
  6. Når får eg svar?: Vi behandlar førespurnader så raskt som mogleg. Du får svar til kontaktinformasjonen du oppgir i skjemaet.

💡Før du sender inn førespurnad

  • Sjekk FAQ om faktura ✓
  • Prøv den digitale kunderådgjevaren vår ✓
  • Ha fakturanummer klart ✓
  • Finn gards- og bruksnummer på fakturaen ✓ 

Dette gjer at vi kan behandle saka raskare. 

Kontakt oss om fakturaen

Dersom du meiner at fakturaen byggjer på feil grunnlag, eller dersom du treng utsett forfall eller betalingsordning, ber vi deg bruke skjemaet under.

Vel det alternativet som passar best, og fyll inn nødvendig informasjon. Då får vi dei opplysningane vi treng for å behandle saka di.

Feil i fakturagrunnlaget

Dersom du meiner at fakturaen er feil, ber vi deg opplyse kva feilen gjeld. Dette kan til dømes vere feil tal på bueiningar, feil periode, feil registrering eller andre forhold som påverkar gebyret.

Dersom fakturagrunnlaget er feil, vil vi rette dette.
Legg ved dokumentasjon som syner korleis fakturagrunnlaget er feil.

Utsett forfall eller betalingsordning

Dersom fakturaen er vanskeleg å betale innan forfallsdato, kan du be om utsett forfall eller betalingsordning.

Ved betalingsordning set vi ein ny forfallsdato på fakturaen. Du betaler då til same kontonummer og med same KID-nummer som står på fakturaen. Du kan betale heile eller delar av beløpet fram til kravet er betalt.

Du er sjølv ansvarleg for å betale inn beløpet innan den nye fristen. Dersom du ynskjer å vite kor mykje som står att, kan du kontakte SUM.

Kontaktskjema

Når du sender inn skjemaet får du ei kvittering på e-post. Du treng ikkje kontakte kundesenteret i tillegg.

Kva gjeld di tilbakemelding? 
Kva meiner du er feil? 
Feil i matrikkelen må rettast av kommunen. Sjå om matrikkelen er rett ved å nytte Norgeskart.no. 
Når vil du ha ny forfallsdato?