Hopp til hovudinnhald

Gratisbutikken

I Askvoll har Vlada og Vigdis bygd eit unikt tilbod til glede for store og små.

Gratisbutikken i Askvoll – ein stad å dele, møtast og vere saman

Gratisbutikken i Askvoll er ein butikk der alt er gratis. Det som starta som eit tilbod for nyankomne flyktningar, har vakse til å bli ein viktig og mykje brukt møteplass for heile lokalsamfunnet.

Butikken er open for alle, og mange tek turen innom – både fastbuande og tilreisande. Når folk først kjem til Askvoll, til dømes for å handle på Askvoll Delikatessen, er det mange som også legg turen innom Gratisbutikken.

Bygd på samarbeid og dugnadsånd

Askvoll kommune stiller med lokalet, medan Frivilligsentralen og Askvoll Røde Kors står for drift og organisering. Butikken blir dreven av engasjerte frivillige som tek imot, sorterar og held orden på klede, leikar og utstyr.

Gratisbutikken er eit godt døme på kva ein får til når mange bidreg litt kvar. Hadde det ikkje vore for dei som leverer inn, dei som stiller opp frivillig og dei som brukar tilbodet, hadde det ikkje vore nokon butikk.

Meir enn ein butikk – ein møteplass

Gratisbutikken har blitt mykje meir enn ein stad for å levere og hente ting. Det er også ein stad å setje seg ned, ta ein kopp kaffi og slå av ein prat. Stemninga er uformell og inkluderande, og det er låg terskel for å kome innom – enten ein kjem for å finne noko, levere noko eller berre vere der.

Barn har også funne sin plass i gratisbutikken. Dei kjem ikkje berre for å bytte leikar – men for å leike, vere saman og bruke rommet. Heile klassar har vore på besøk og brukt butikken som ein stad å møtast og leike i trygge omgjevnader.

Gjenbruk som gir meining

Det kjem jamleg inn store mengder klede, leikar og utstyr – ofte meir enn det som blir tatt med heim. Mykje av det som blir levert har framleis lang levetid att, og får no kome til nytte hos ein ny familie.

Slik bidreg gratisbutikken til mindre avfall, meir gjenbruk og ei meir berekraftig framtid – heilt konkret og lokalt.

Eit tilbod for alle

Gratisbutikken i Askvoll er bygd på rausheit, tillit og fellesskap. Her er det rom for alle, uavhengig av bakgrunn, alder eller livssituasjon. Nokre kjem ofte, andre berre ein gong – alle er like velkomne.

Nokre timar i veka, eit kommunalt lokale, engasjerte organisasjonar, frivillige og ei raus bygd er det som skal til for å halde dørene opne.

Gratisbutikken er fellesskap i praksis – og eit lite stykke Askvoll på sitt aller beste.

Kontaktinformasjon

Nettsida: Gratisbutikk

Telefon: 908 48 627

E- post: vlada.fristad@askvoll.kommune.no 

Adresse: Prestemarka 1