Status i prosjekt glas- og metallemballasje dunk
Prosjektet for glas- og metallemballasje dunk er godt i gang. Har du fått dunk vil vi starte tømming allereie i november.
Glas- og metallemballasje dunk
Vi ynskjer å legge til rette for deg som forbrukar å sortere. Arbeidet med sortering startar på kjøkkenet, og no er målet at du skal få ein eigen dunk til sortering av glas- og metallemballasje. Aldri har det vore meir sytalaust å sortere glas- og metallemballasje.
Eit syltetøylokk kan få eit nytt liv – kanskje som ein sykkel til niesa di ein dag. Glas kan gjenvinnast uendeleg mange gangar og er ein lett måte å bidra til eit meir miljøvennleg samfunn. Dette er eit tiltak for å nå Noreg sitt fellesmål om 65% ombruk og materialgjenvinning av hushaldningsavfall innan 2035.
Emballasje
Om dette var noko du kjøpte på ein matbutikk som inneheldt mat eller drikke, då er det emballasje. Til dømes ein makrellfiletboks, eit syltetøyglas, eller aluminiumsfolie som har vore brukt til mat.
Ting som ikkje inneheldt mat som eksempelvis ei steikepanne eller eit vinglas skal ikkje i denne dunken. Med andre ord ein behaldar for mat og drikke, dette er rekna som emballasje. Det du er i stuss på om du kan hive i dunken eller veit du ikkje kan levere i dunken levera du som vanleg hos gjenvinningsstasjonen.
Er du framleis i tvil, ikkje hiv det i dunken, men søk opp gjenstanden på nettsida vår ved å nytte lenka under.

Slik førebur du deg
Bruk av glas– og metallemballasje dunken
- Gjer deg godt kjent med kva som skal opp i dunken, og ikkje minst det som ikkje skal opp i dunken.
- Lær deg merking av glas- og metallemballasje
- Opprett deg ein eigen fire stegs rutine for sortering på kjøkkenet
Ikkje gløym å sette fram dunken
- Last ned SUM-appen slik at du får varsel når det er på tide å sette ut dunken, enklare har det aldri vore å halde styr på tømming
Status i prosjektet
Dersom du allereie har fått dunken din vil vi starte tømming i november. Lurer du på konkret dato for di adresse kan du søke den opp i tømmekalenderen. Når oppstart av tømming begynner å nærme seg vil du få ein SMS med informasjon om tømmedato.
Burettslag og sameige vil få individuelle avtalar og blir behandla fortlaupande i dialog med vår renovasjonsansvarleg. Er du styreleiar i eit sameige og ikkje har hatt kontakt med renovasjonsansvarleg endå, er kontaktinformasjonen i botnen av artikkelen.
Utrulling av nye dunkar held fram. Har du ikkje motteke ny dunk endå vil det framleis være mogleg å levere glas- og metallemballasje på returpunkt som du allereie kjenner til. Ynskjer du oversikt over returpunkt, sjekk ut sorter.no:

Fire steg for sortering av glas- og metallemballasje
- Sørg for at den er heilt tom for restar
- Skyl eventuelt i kaldt vatn
- La det renne av seg
- Kast det laust opp i dunken med merkinga glas- og metallemballasje
- Sørg for at den er heilt tom for restar
- Skyl eventuelt i kaldt vatn
- La det renne av seg
- Kast det laust opp i dunken med merkinga glas- og metallemballasje
Godt for miljøet, bra for lommeboka.
Du kan spare pengar med å sortere ut glas- og metallemballasje. Mindre restavfall betyr færre tømmingar, medan glas- og metallemballasje blir henta utan ekstra kostnad.
Kontaktansvarleg for sameige og burettslag
Tore Dvergsdal
Dagleg leiar
Lennart Nes Nyhammer
Økonomisjef
Frøydis Varlid
Leiar for kundesenter
Kjell Bu
Produksjonsleiar
Anders Eielsen
IT og digitalisering ansvarleg
Min Qiong Lin-Andenæs
HR-rådgjevar
Åge-Johnny Kalstad
Avdelingsleiar
Morgan Myrmel
Driftsleiar
Eivind Vae
Miljørådgjevar
Ove Myrmel
Arbeidsleiar
Oddvin Nes
Gjenvinningsoperatør
Vidar Sellevoll
Gjenvinningsoperatør
Sven Egil Holta
Gjenvinningsoperatør
Bjarte Vedvik
Vedlikehaldsoperatør
Jarle Halbrend
Maskinførar
Kåre Ullaland
Maskinførar
Magnar Birkelid
Maskinførar
Oddrun Steen
Vektoperatør
Sigvart Hatlestad
Gjenvinningsoperatør
Bodil Øvretveit
Økonomirådgjevar
Alexander Benberg
Kunderådgjevar
Malene Terøy
Kunderådgjevar
Aron Halbrend
Kunderådgjevar
Kathrine Rolland
Kunderådgjevar
Hedda Erle
Kunderådgjevar