Hopp til hovudinnhald

Gjenbruket

Gjenbruk på gamle ungdomskulen i Dale, Fjaler kommune.

Gjenbruket er eit langvarig og berekraftig initiativ med mål om å redusere tekstilavfall og klimaavtrykk i Fjaler.

Gjenbruk vart etablert i 2020 i samarbeid mellom integreringstenesta og frivilligsentralen i Fjaler. Tilbodet var i utgangspunktet retta mot nykomne flyktningar med behov for klede til barn og vaksne. Dei siste åra har tiltaket fått auka merksemd i lokalsamfunnet, og stadig fleire innbyggjarar har teke i bruk tilbodet. Dette har ført til både auka innlevering av klede og fleire besøkande.

I dag er Gjenbruk eit gratis tilbod ope for alle, uavhengig av økonomisk situasjon. Målet er å halde fram med å vere eit lågterskeltilbod som fremjar berekraft, reduserer tekstilavfall og bidreg til sosial utjamning. Ein ser at tiltaket har stor verdi for mange – både miljømessig og sosialt.

Gjenbruk er eit samarbeid mellom Integreringstenesta og Frivilligsentralen og vert drive av frivillige flyktningar som arbeider sjølvstendig med mottak, sortering og organisering av klede. Butikken held ope tre dagar i veka for innlevering og henting. Kommunen stiller lokale til disposisjon i gamle Fjaler Ungdomsskule og bidreg med praktisk tilrettelegging som marknadsføring, transport av avfall og kommunikasjon mellom frivillige og lokalbefolkning.

Gjenbruket er takksame til Sparebankstiftinga i Fjaler for stønad til oppgradering av nødvendig utstyr som vil bidra til betre utnytting av lokalet, meir effektiv drift og eit meir innbydande og oversiktleg tilbod for brukarane. Gjenbruket ser fram til å sjå deg!

 

Kontaktinformasjon

Nettsida: Gjenbruket

Telefon: 57738020 

E- post: rhona.thingnes@fjaler.kommune.no

Adresse: Fjaler ungdomsskule