Hopp til hovudinnhald

EU Krav - Gjeld dette deg og di næring?

Det korte svaret er ja. Nye krav til kjeldesortering for næring trådde i kraft i 2025. 

God avfallshandtering er ein viktig del av den sirkulære økonomien. Når verksemder sorterer avfallet sitt riktig, kan verdifulle ressursar gå tilbake i kretsløpet og bli til nye produkt i staden for å bli kasta.

For verksemder som produserer hushaldsliknande avfall – til dømes matrestar, emballasje av plast, papp, glas og metall – er dei nye krava til kjeldesortering meir aktuelle enn nokon gong. Målet er å auke materialgjenvinninga og redusere mengda avfall som går til forbrenning eller deponi.

I tillegg til eksisterande krav om sortering av matavfall, plastavfall og park- og hageavfall, omfattar regelverket no også:

  • Papp og papir
  • Glas- og metallemballasje
  • Tekstilavfall

Frå 2025 er det innført strengare kontroll og oppfølging av verksemder som ikkje oppfyller krava. Verksemdene må kunne dokumentere at avfallet blir handtert og sortert på rett måte.

Hos SUM Næring hjelper vi verksemder med å etablere gode rutinar for kjeldesortering, sikre etterleving av regelverket og bidra til ei meir sirkulær og berekraftig drift.

God kjeldesortering er ikkje berre eit lovkrav – det er ein enkel og effektiv måte å ta vare på ressursane våre på.

Visste du at Pantelotteriet er ei norsk oppfinning?💡

Noreg er i verdstoppen på å pante flasker og boksar.
Vi har system som fungerer – fordi det er enkelt å gjere rett.

Lovkrav

Brot på nytt lovverk kan få konsekvensar slår Miiljødirektoratet fast. Dette kan du lese meir om i lenka nedanfor.

Du kan også lese meir om kva lovkrav som gjeld deg og praktiske løysingar for di verksemd nedanfor.

 

 

 

Foto: Herman Ekendahl-Dreyer for LOOP
 

Vi hjelper verksemder i alle storleikar

Lurer du på korleis SUM Næring kan hjelpe verksemda di med å møte dei nye krava til kjeldesortering? Ønskjer du råd om kva de kan gjere for å forbetre avfallshandteringa?

Vi tilbyr løysingar som passar både små og store verksemder. Våre rådgjevarar hjelper dykk gjerne med å finne dei løysingane som passar best for dykkar behov.

Ta gjerne kontakt med ein av våre rådgjevarar for ein hyggeleg og uforpliktande prat!

Kontakt