BUA Fjaler
BUA er eit gratis tilbod der alle kan låne sport- og friluftsutstyr. I Fjaler er det Frivilligsentralen som driftar BUA-ordninga.
Velkommen til BUA Fjaler på Samvirket, i Dale sentrum.
Med inngangen på baksida av Samvirket mot parken finner du BUA Fjaler (Barn – Unge – Aktivitet). Dette er ein utstyrssentral for alle! Tilbodet gjer det mogleg for fleire å vere aktive, utan kostnader knytte til innkjøp av utstyr. Ved å dele på utstyr kan fleire delta, samstundes som ein bidreg til mindre forbruk, mindre avfall og betre utnytting av ressursane vi allereie har. Utstyrsordninga er slik eit konkret og lokalt bidrag til å ta vare på naturen, redusere konsum og styrkje folkehelsa.
Det er gratis å låne, og utstyret kan nyttast både til kvardagsaktivitetar, friluftsliv og ferie. Se Lånevilkår | BUA.
Obs: Ny nettsida og ny BUA-app er lansert 17-19.4! Har du allereie en konto må du laste ned appen.
For opningstidene sjå:
Registrering og lån
For å låne utstyr må ein registrere seg i BUA sitt utlånssystem med:
- namn
- telefonnummer
- e-postadresse
Det er ein fordel å registrere seg før oppmøte.
Personar under 18 år må vere registrerte som medlånetakar via ein vaksen.
Låneprofil kan og opprettast på BUA si nettside på sjølve BUA.
Kontaktinformasjon
Nettsida: BUA Fjaler
Telefon: 48 18 93 12
E- post: rhona.thingnes@fjaler.kommune.no
Adresse: Dalsvegen 87
Nettsida: BUA Fjaler
Telefon: 48 18 93 12
E- post: rhona.thingnes@fjaler.kommune.no
Adresse: Dalsvegen 87