Glas- og metallemballsjedunk
Vi er ikkje ferdig med utrulling av glas- og metallemballasjedunk endå, nokre områder gjennstår framleis. Om du bur i ein fleirmannsbustad, eller ser at naboar har fått dunk, ber vi deg bestille dunk i skjemaet nedanfor.
Bur du i ein tomannsbustad, fleirmannsbustad, eller eit rekkehus då vil vi gjerne at du gjer beskjed om du kunne tenkt deg å dele glas- og metallemballasjedunk. Om du bur i ein einebustad og ikkje har fått dunk, og ser at naboar har fått glas- og metallemballasje dunk kan du no melde inn bestilling via dette skjemaet.
Vi gjer deg merksam på at om du bestiller dunk ber vi deg om å være tolmodig. Vi har redusert kapasitet, men du vil som dei andre innbyggarane få denne dunken. Medan du ventar er det ingen grunn til å ikkje sortere ut glas- og metallemballasje. Du kan framleis nytte returpunkta som vanleg, desse finn du her (www.sortere.no).
Det er ved fleire høve gunstig å dele dunken sin med ein nabo. Dette sparar plass i gata og vi ynskjer dette spesielt i tettbygde strøk der ein gjerne bur i tomannsbustad og firemannsbustad. Det kan bli veldig mange dunkar i slike strøk. Ynskjer du også eit ryddig og fint nabolag, ta deg ein prat med naboen og send inn skjema til oss om deling av dunk. Dette vil bidra til ein meir effektiv innsamling for SUM, takk for samarbeidet.