Hopp til hovudinnhald

Leiar for transport og renovasjon

Publisert
Bilde av to gjenvinningsoperatørar på Einestølen gjenvinningsstasjon.
Foto: Photoevent

Er du vår nye transport og renovasjonsleiar?

Vi søkjer deg som vil vere ein nøkkelperson i Sunnfjord Miljøverk med det overordna ansvaret for transport og renovasjon. Som leiar blir du ein del av leiargruppa og får vere med å utvikle tenestene våre vidare.

Kven er du? 

Du er ein trygg og tydeleg leiar som trivst med ansvar. Du har erfaring frå transportbransjen og arbeider strukturert og sjølvstendig. du har god evne til å finne gode og gjennomtenkte løysingar. Du motiverer andre og skapar framdrift i arbeidet. 

Arbeidsoppgåver 

  • Overordna ansvar for transport og logistikk
  • Følgje opp avfallsløysingar i samband med reguleringsplanar og utbyggingsprosjekt
  • Samarbeide tett med interne avdelingar og eksterne partar/leverandørar
  • Personalansvar for eiga avdeling
  • Sikre god oppfølging av HMS-ruintar i avdelinga
  • Oppfølging av kvalitets- og prosessavvik innan eige ansvarsområde. 

Kvalifikasjonar 

  • Erfaring frå tranportleiing er ein fordel
  • Det er ynskjeleg med kompetanse som oppfyller krava til transportsleiar, eller vilje til å ta slik kompetanse.
  • Gode leiareigenskapar med evne til å engasjere og rettleie medarbeidarar
  • Relevant utdanning eller erfaring innan logistikk- og transport
  • Gode kommunikasjonsevner

Vi tilbyr

  • Jobb i ein bransje i utvikling
  • Konkurransedyktige vilkår og KLP-pensjon
  • Løn etter avtale

 

Kontaktperson:

  • Kontaktperson: Tore Dvergsdal
  • Stillingstittel: Dagleg leiar
  • Mobil: 95 19 85 01

Fleire saker

Sjå fleire saker