Hopp til hovudinnhald

"Sunn fornuft" økonomi på jobb

Uansett om de driv stor eller lita verksemd kan de også ta fatt på det grøne skiftet. Slik kan verksemda kutte kostnadar etter "sunn fornuft" økonomi prinsippet.

Sirkulær økonomi

Sirkulær økonomi handlar om å bruke ressursane smartare og redusere avfall. På arbeidsplassen kan vi bidra ved å reparere og gjenbruke utstyr, sortere avfall, redusere papirbruk og velje miljøvenlege produkt. Små tiltak i kvardagen kan gi stor effekt over tid. Ved å tenkje sirkulært tek vi vare på både miljøet og ressursane våre, samstundes som vi kan redusere kostnader og skape ein meir berekraftig arbeidsplass.

Ombruk

Når mange verksemder skal pusse opp eller innreiie kontor, er det fort gjort å tenkje at alt må bytast ut. Men treng det eigentleg vere slik?

Vi ser det tydeleg på stasjonen vår: Det kjem inn store mengder kontormøblar og utstyr som framleis er fullt brukbart – men likevel blir kasta.

Og ein klar “verstingskategori”? Elektronikk.

Her ser vi store mengder som framleis fungerer, men som likevel hamnar som avfall.

Kva om vi tenkte annleis?

  1. Selg vidare det de ikkje lenger treng
  2. Gje kontormøblar og utstyr eit nytt liv hos andre
  3. Sjå etter brukte løysingar når de skal innreiie på nytt

Ombruk handlar ikkje berre om miljø – det handlar også om økonomi og smarte val i kvardagen.

Hos oss er vi allereie i gang med å tenkje annleis. Når vi planlegg nytt anlegg, ser vi på korleis vi kan bruke ombruk i innreiinga. Og det som kanskje overraskar mest?

- Det gjer ikkje berre lågare klimaavtrykk – det kan også gi meir sjarm og særpreg.

Det beste kontoret er ikkje nødvendigvis det nyaste – men det som er gjennomtenkt.

Små val, store resultat.

Nye krav til sortering

Frå 2025 kom det nye krav til kildesortering – og dei gjeld også på arbeidsplassen.
No må verksemder sortere fleire typar avfall, blant anna papp og papir, glas- og metallemballasje og tekstilar. Dette betyr at kildesortering ikkje lenger er “nice to have” – det er eit krav.

Spør deg sjølv: Har vi gode nok løysingar på plass i vår verksemd?
Dei bedriftene som tek grep no, ligg i forkant – både miljømessig og strategisk.

Ta kontakt med ein rådgjevar om du treng tips for å komme i gang.