- → SUM
- → Sorteringsguide
- → Farleg avfall
Farleg avfall
Greit å vite
Farleg avfall er avfall som inneheld helse- og miljøfarlege stoff. Farlig avfall blir handtert slik at miljøgifter ikkje lekk ut i naturen og skader menneskjer, dyr og miljø.
Farleg avfall skal være merka med faresymbol. Er du i tvil om noko er farleg avfall er det best å ikkje ta sjansar: lever det uansett som farleg avfall på næraste gjenvinningsstasjon.
Slik gjer du det
- Ha ein fast plass der du samlar farleg avfall.
- Lever det farlege avfallet i originalemballasjen om mogleg. Du kan også bruke ein annan emballasje og skrive på kva den inneheld.
- Lever til næraste gjenvinningsstasjon.
Ja takk
- Måling
- Lim
- Naglelakk
- Bilolje
- Sprayboks
Nei takk
- Ammunisjon og eksplosiv
- Udetonert fyrverkeri
- Våpen
- Medisinrestar
Dette lurer mange på
Kva gjer eg om eg er usikker på om avfallet eg skal sortere er farleg avfall?
Lever det som farleg avfall. Om du er i tvil, er det best å ikkje ta sjansar, da er du sikra at miljøfarleg stoff ikkje lekk ut i naturen.
Kva gjer eg med produkt merka med faresymbol?
TDette leverer du som farleg avfall. Lever også den tomme emballasjen som farleg avfall dersom den er merka med eit eller fleire faremerke. Her finn du ein oversikt over faremerka, med informasjon om kva merka betyr og korleis du handterer innhald og emballasje.
Data er hentet frå
Sortere.no
Sorteringsguide
Korleis kastar eg riktig?
Har du noko du skal kaste, men veit ikkje kor det skal? Søk her!