Hopp til hovudinnhald

Tilrettelegging av deg

Vi har mange gode alternativ rundt oss – vi må berre ha eit bevisst forhold til det vi brukar og konsumera. For folk flest går kvardagen i eitt, og mange av vala vi tek, blir ikkje reflektert over. Derfor er det viktig å tilrettelegge for berekraftige val, slik at vi kan ta gode val kvar einaste dag – utan at det går ut over tid eller livskvalitet.

🛍️ Ha handlenett lett tilgjengeleg

Det er som regel ikkje fordi ein ikkje vil ta berekraftige val at ein ender opp med nye plastposar heim frå butikken – det handlar om å hugse det i farta.

Tips: Ha handlenett ved utgangsdøra, i bilen, i sekken eller på jobben. Då blir det mykje enklare å droppe plastposen når det er lagt til rette i kvardagen.

♻️ Lag eit sorteringssystem på kjøkkenet

Den viktigaste tilrettelegginga er å ha korger for ulike sorteringsfraksjonar under kjøkkenbenken.

Vil du gjere det enno enklare, kan du investere i bokssystem i kjøleskapet og kjøkkenskapa.

  • Set all mat i boksar – då blir det nesten umogleg å sortere feil.
  • Du kan sortere med ein gong du kjem heim frå butikken utan å tenke over det.
  • Du får rask oversikt over kva du har og kva du må handle, som sparar både tid og pengar.

Å bruke litt tid på dette ein gong vil gi god valuta i kvardagen framover.

🥗 Planlegg for å unngå matsvinn

Vi kastar i snitt kvar sjette handlepose med mat. Mesteparten av matavfallet kjem frå matrestar – ofte fordi vi lagar for store måltid.

Uplanlagde handleturar fører ofte til at vi kjøper inn varer vi allereie har, eller mat med kort haldbarheit, som igjen skaper meir matsvinn.

Tips: Planlegg måltida, tenk gjennom mengde, og bruk restar kreativt.

🏘️ Vel ombruk og lokale alternativ

Å tenkje ombruk og velje lokale alternativ gir mykje tilbake:

  • Du støttar eit levande lokalsamfunn
  • Du får varer med betre kvalitet og material som kan gjenvinnast
  • Nettkjøp kan vere vanskeleg å vurdere – mange varer må brennast og kjem aldri inn igjen i gjenvinningssirkelen

💡 Ha eit bevisst forhold til kvardagen

Vi har gode alternativ rundt oss, men kvardagen går i eitt, og mange av vala vi tek, blir ikkje reflektert over.
Difor er det viktig å ha enkel tilrettelegging for berekraftige val som kan gjennomførast kvart einaste dag – utan at det går ut over tid eller livskvalitet.