Hopp til hovudinnhald

For avfall som ikkje kan få eit nytt liv

Eit deponi er ein permanent stad for avfall som ikkje kan bli vidare behandla. Vi ønsker at minst mogleg blir lagt på deponi, og har strenge krav for kva vi kan deponere.

 

Avfallspyramiden, som illustrerer prioriteringane i norsk avfallspolitikk. Hierarkiet består av fem lag: avfallsreduksjon, gjenbruk, materialgjenvinning, energiutnyttelse og deponering. Målet er at avfallet skal bli behandla så når toppen av pyramiden som mogleg.
Avfallspyramiden

Sunnfjord Miljøverk sitt deponi er lokalisert ved hovudanlegget på Einestølen i Sunnfjord kommune. Vi har løyve frå Statsforvaltaren til å ta imot ordinært avfall og stabilt ikkje-reaktivt farleg avfall.

Krav til basiskarakterisering

Før levering må alt avfall basiskarakteriserast av avfallsprodusenten. Basiskarakteriseringa skal innehalde informasjon om:

  • Avfallsprodusenten
  • Avfallstype
  • Eigenskapar ved avfallet

Dette inneber ei grundig vurdering av avfallet si samansetning, opphav, utlekkingspotensial og mogleg miljøpåverknad. Formålet er å sikre at alt avfall vert handtert og deponert i samsvar med gjeldande regelverk og Sunnfjord Miljøverk sitt løyve.

Innsending av dokumentasjon

Det ferdig utfylte basiskarakteriseringsskjemaet, saman med relevante analysar, informasjon om avfallsmengde og ønskja leveringsperiode, skal sendast til deponi@sum.sf.no

Når basiskarakteriseringa vert godkjend

Når basiskarakteriseringsskjemaet vert godkjend, er de velkomne til å levere avfallet etter avtale til deponiet vårt.

Avvising av avfall

Avfall som ikkje oppfyller krav til mottak, vil bli avvist. I slike tilfelle har vi meldeplikt til forureiningsmyndigheitene, les meir om dette her:

Regelverket seier at deponiet skal avvise avfallet og varsle forureiningsmyndigheitene dersom avfallet ikkje er i samsvar med kriteria for mottak. Avvising og varsling vil gje forureiningsmyndigheitene informasjon om avfallsprodusentar som ikkje følgjer regelverket, og om dette er vedvarande og konsekvent. Forureiningsmyndigheitene vil då ha grunnlag for å vurdere eventuelle reaksjonar mot slike aktørar.

Ved brot på krav

Leveransar som bryt med krava forankra i forskrift, lovverk og SUM si løyve vil bli avvist. Det kan i slike tilfeller bli ført avvik og avfallsprodusenten vil bli fakturert for medgått tid.

 

Eksempel på brot:

  • Ved mindre avvik vil produsent/transportør få høve til å rette opp avviket på staden.
  • Ved middels alvorlege avvik vil det bli tilbydd sortering eller omklassifisering av avfallet slik at leveransen framleis kan gjennomførast. Alt arbeid knytt til avviket vil bli fakturert.
  • Ved alvorlege avvik vil leveransen bli avvist i sin heilheit. Avviket vil då blir registrert og rapportert inn.

Ofte stilte spørsmål

Kva avfallstypar tek SUM imot mest av på deponiet?
  • Asbest
  • Blåsesand
  • Isolasjon (mineralull)
  • Reine massar
  • Forureina massar
  • Gateoppsop/sandfang
  • Bygge- og rivemassar
Kva er forureina massar?

Forureina massar er til dømes jord, stein og grus som er forureina, men ikkje klassifisert som farleg avfall. Alle forureina massar har analysekrav som SUM skal godkjenne på førehand før eventuell deponering.

Må farleg avfall som skal til deponi deklarerast?

Ja, farleg avfall som skal til deponi må deklarerast på lik linje med anna farleg avfall som skal til annan behandling.

Avfallet blir deklarert på www.avfallsdeklarering.no. Kunden kan gi fullmakt til SUM for å deklarere på førehand, men dette vil føre med seg eit gebyr per deklarasjon.

Kva for avfallstypar må dokumenterast med kjemisk analyse hos SUM?
  • Avfallsprodusenten har ansvar for å dokumentere at avfallet er rett klassifisert og kan deponerast på ordinært deponi.
  • Det blir tilrådd å vise til ein kjemisk analyse frå eit akkreditert analyseselskap som dekkjer alle miljøgiftene, TOC og pH.
  • Dersom det viser seg at avfallet overstig konsentrasjonen for farleg avfall, må det gjennomførast ein utlekkjingstest i tråd med avfallsforskrifta kapittel 9, vedlegg II, punkt 2.3, som viser at utlekkjings­eigenskapane tilsvarer ordinært avfall