Hopp til hovudinnhald

HØYRING – NY RENOVASJONSFORSKRIFT

HØYRING – NY RENOVASJONSFORSKRIFT FOR DELTAKERKOMMUNANE I SUNNFJORD MILJØVERK IKS. 

Sunnfjord Miljøverk IKS (SUM) står for oppsamling, innsamling, transport og behandling av hushaldsavfall i kommunane Askvoll, Fjaler, Hyllestad og Sunnfjord.


Med heimel i Forureiningslovas § 30, vedtok alle deltakarkommunane «Forskrift om avfall frå hushald» i desember 2020.
Forskrifta frå desember 2020 har ikkje vore endra sidan den gong. I tida som har gått sidan gjeldande forskrift blei vedteke, har SUM og kommunane gjort seg erfaringar med forskrifta og det har vore omstende som ikkje vert løyst i forskrifta på ein god nok måte.

Kommunane som er deltakarar i SUM og SUM sjølv, har difor sett eit behov for å gjere forskrifta meir tydeleg med omsyn til rettigheitar og pliktar for brukarane og eigedomar som vert omfatta av forskrifta, og mynde til SUM og kommunane. I tillegg har ein sett eit generelt behov for å klargjere forhold som har vore noko
uklare.

Forslag til ny «Forskrift om avfall frå hushald» er basert på innhaldet og prinsippa som fylgjer av gjeldande forskrift. Dette inneber at det nye forslaget regulerer forholdet mellom abonnent/kunde på den eine sida, og SUM (kommunane) på den andre sia.

Den nye forskrifta vil samstundes gje ein betre struktur og system for dei tilhøva som vert regulert i forskrifta, og gjer det meir tydeleg at SUM kan supplere forskrifta med retningsliner, rettleiarar og annan meir detaljert informasjon. 

Ein slik struktur og system for forskrifta, gjer den meir dynamisk og gjev betre
rom innanfor forskrifta sine rammer for å tilpassa renovasjonsordninga til endra, nye og framtidige behov.

Forslaget til ny «Forskrift om avfall frå hushald» vert no sendt ut på høyring, og vil vere tilgjengeleg på nettsida til SUM og hos kommunane. I høyringsperioden kan det sendast inn innspel og merknader til forslaget ved.

Når høyringsperioden er over, vil mottatte uttaler, innspel og andre merknader, handsamast og eit endeleg forslag til ny «Forskrift om avfall frå hushald» vil bli handsama av kommunestyret i kvar kommune.

Når forskrifta er vedteke i alle kommunane, vil den verte kunngjort i Norsk Lovtidende og vil bli tilgjengeleg på lovdata.no. Høyringsuttaler, innspel og andre merknader til forslaget, skal sendes skriftleg og fortrinnsvis elektronisk til SUM eller per ordinær post til:

Sunnfjord Miljøverk IKS,
Naustdalsvegen 1B, 6800 Førde.
Høyringsfristen er satt til 1. desember 2025.

Med venleg helsing
Tore Dvergsdal
Dagleg leiar
Sunnfjord Miljøverk

Veneleg helsing