Hopp til hovudinnhald

Har du behov for conteinar?

Vi har conteinerar i fleire størrelsar til ulike formål. Fyll ut skjemaet, så tek vi kontakt for å finne best mogleg løysing for deg og dine behov. 

Bestillingsskjema

Fyll inn skjemaet under, så tek vi kontakt for å finne den beste løysinga for deg.

Kunde 
Størrelse på conteinar 
Fra dato
Til dato

Fyll inn dersom adresse er ulik frå leveringsadresse.

Slik fungerer det

Før utlevering

Start med å spørje deg sjølv: 
"Kvar er det mogleg på plassere ein kontainer på eigedommen min?". 

Containerbilen er stor og tung, og den treng god plass for å løfte av og på kontainaren. Hugs at kontainaren vert dratt langs bakken før den kjem opp på bilen. Sjå på moglege plassar og tenk på om det er noko som kan gjere det vanskeleg. Dette kan til dømes vere tak som stikk ut, belegningsstein, bratt veg eller liknande. SUM tar ikkje ansvar for underlaget der kontainaren vert plassert. Gi oss beskjed om forholda slik at vi kan vurdere det. Våre sjåførar har mykje erfaring og vil gjerne hjelpe, men dei vil ikkje ta unødvendige sjangsar. 

Vi prøver alltid å imøtekomme dine behov, både når det gjeld tidspunkt for leige og plassering, men det krevst litt planlegging. Vi kan ikkje garantere levering på kort varsel. Gje oss beskjed i god tid! Du kan gjere dette i skjemaet som du finn på denne sida. 

 

Ved utlevering

Container vert plassert ut mellom kl. 07:00 og 20:00 på utleveringsdato. Vi kontaktar deg ved utplassering.

 

Ved henting

Containaren er fylt opp, og du er klar for at den vert henta. Det einaste du må sørge for er at containaren er klargjort til kl. 07:00 på avtalt hentedag. Vi fraktar kontaineren vidare til vårt hovudanlegg for veging og vidare behanding av avfallet.

Ynskjer du å utvide lånetida? Gje oss beskjed i god tid.

 

Betaling

Vi ettersender faktura månaden etter til oppgitt fakturaadresse. Faktura består av transport- og avfallskostnader. 

Prisen inkluderer 6 dagar leige av container. Etter det kostar det 624 kroner(eks. mva)/780(inkl. mva) for kvar påbegynte veke.

Prisliste for leige av conteinar

Prisliste Avfall
Type avfall Pris pr. tonn(eks. mva) Pris pr. tonn(inkl. mva) Minstepris(inkl. mva)
Blanda 3000 3750 500
Hageavfall 1400 1750 500
Treverk 1000 1250 500
CCA/Kreosot-impregnert 2100 2625 500
Takstein 1440 1800 500
Gips 1600 2000 500
Metall 0 0 0
Prisliste Transport
Avstand rekna ein veg frå Einestølen Transport tur/retur(ink. mva) Transport tur/retur(eks. mva)
t.o.m 20km 3875 3100
20,1 - 30 km 4750 3800
30,1 - 40 km 5625 4500
40,1 - 50 km 6500 5200
50,1 - 60 km 7375 5900
60,1 - 70 km 8375 6700
70,1 - 80 km 9250 7400
80,1 - 90 km 10125 8100
90,1 - 100 km 11000 8800
Værlandet/Bulandet 24750 19800
Atløy 18250 14600

Avstand vert rekna med google maps

Feilsorteringsgebyr
Trinn 1: Skriftleg tilbakemelding
Trinn 2: 3000,-
Trinn 3: 6000,-
Trinn 4: Full dekning

Gjer deg kjend med sorteringsrettleiar for conteinar.

Sorteringsrettleiar Hushald

Sorteringsrettleiar Næring

Kontaktinformasjon

Ta kontakt dersom du har spørsmål til containerutleige. Vi er ofte ute på oppdrag, bruk gjerne skjema eller e-post! Vi kontaktar deg straks vi har anledning.